INTERVJUER/REPORTASJER

Trufaste budeier på veldriven fellesstøl

Denne sommaren er det jubileum på Bersetno fellesstøl på Hafslo, for her har dei stabile budeier som kjem att år etter år. Denne sommaren er den 25. i rekkja at Yury Balcheuski og Elena Balchevskaia, har styrt fellesstølen med stødig hand. Kona Elena har berre vore ute ein sesong, og det var då dei fekk yngstesonen. Begge sønene, Vlad og Anton har vore med på fellesstølen mange somrar.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange

Bergfjord Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Bersetno fellesstøl i Luster kommune, Vestland fylke

  • Budeier: Yury Balcheuski og Elena Balchevskaia

  • Eigarar: Claus Rumohr Moe, Kjetil Lomheim og Terje Torgersen. Per Fridolf Hillestad leiger retten til Hermund Alme

  • Leverer om lag 120 000 liter mjølk

  • Mjølkar 12 kyr samstundes, fiskebein mjølkestall

  • Mjølkekyr: 95 stykk

  • Sesong: Fyrste veka i juni – andre veka i september

  • Areal: 75 mål fulldyrka, 190 mål overflatedyrka, 136 mål beite

Her er kyrne samla til mjølking. Her er leilegheit for budeier i eine enden av bygget, medan det er mjølkestall og romsleg mjølkerom med kraftfôrlager i andre delen.

Fellesstølen har lange tradisjonar, og det er ikkje få liter med sommarmjølk som har vorte produsert her sidan oppstarten i 1981. Bøndene Claus Rumohr Moe, Kjetil Lomheim, Per Fridolf Hillestad og Terje Torgersen driv fellesstølen, og dei kan ikkje få fullrost budeiene sine nok for den gode innsatsen. – Viss Yury sluttar, så sluttar eg og, ler Terje spøkefullt.

Full kontroll

Yury og Elena har full kontroll med kyrne og mjølkekvaliteten når dei er på stølen. – Me har levert mjølk som svarar til elitemjølk i alle år her oppe, og det hadde ikkje gått utan flinke og interesserte budeier, seier Per Fridolf. Bøndene får heilt fri frå mjølking og fjøsstell i tre månader, og dette veit dei å setja pris på. Budeiene kan alle rutinar, slik at det er berre å levera kyrne, så tek Yury og Elena seg av alt det praktiske heile sommarsesongen.

Kjenner tilhøyrigheit

Yury og Elena har vore budeier på Bersetno i 25 sesongar. Dei har full kontroll på drifta der oppe, og dei sikrar drivarane av fellesstølen fri frå mjølking i om lag tre månader.

Budeiene kjem frå Belarus (Hviterussland), men ettersom åra har gått så kjenner dei seg også «heime» på fellesstølen på Hafslo.

– Det har blitt ein viktig del av liva våre. Her er stilt og fredeleg, og me likar dyra, folka og jobben vår her, seier Yury. Dei har også blitt veldig godt varetekne av bøndene som driv fellesstølen, og det har utvikla seg vennskap på tvers av landegrensene. Fleire av bøndene har også vore på besøk til Yury og Elena i Belarus.

I tillegg til budeiejobben, har også Yury steppa inn og jobba som avløysar på andre gardar i nærområdet via Landbrukstenester Sogn viss det har vore trong for hjelp elles i året. Han har også jobba hjå bøndene på fellesstølen både før og etter sesongen på Bersetno, eller mellom fjøsstella.

Produserer mjølk med låg kraftfôrandel

Denne sesongen er det rekordmange kyr her. Fyrste sesongen Yury var her, hadde dei 68 kyr, no er dei oppe i 95 stykk. Det er flest kyr i starten av sesongen, for bøndene har flest kalvingar frå september til nyttår, og kyrne vert avsint fortløpande utover i sesongen. Beita er oppdelt i 7 skifter, og kyrne mjølkar godt her oppe med låg kraftfôrandel og mykje beiting. Dei nyttar Formel Elite låg gjennom heile sesongen. Kyrne får maks 6 kg kraftfôr for dagen, og dei får tildelt kraftfôr morgon og kveld når dei vert mjølka. Kyrne har ulike fargekodar på halsbandet som viser kor mykje kraftfôr dei skal ha, og for kvart «trekk» i snora, får dei tildelt ein halv kilo.

– Fleire kyr mjølkar over 30 liter, dei fleste mellom 20 og 30 liter for dagen, så beita er bra, seier Kjetil. Tørrstoffinnhaldet er også godt, feittprosenten låg rundt 5 i starten, no er den på 4,6 medan proteinprosenten ligg stabilt på 4,7. Alle beita vert beitepussa minst ein gong i sesongen.

Bra økonomi, men det beste er fritida

Det er fint å vera ku på Bersetno. Her nyt dei livet på beite samstundes som dei produserer mjølk. Alternativet til fellesstølen er avsining om sommaren for å stetta mosjonskravet i forskrifta, så dette er vinn-vinn for alle partar.

Kaffikos utanfor hytta. Frå venstre Terje Torgersen, Claus Rumohr Moe, Per Fridolf Hillestad, Kjetil Lomheim og May-Hilde Hjelmeland.

Her er budeiene i full drift med mjølking. Dei har ansvaret for kvar si side av mjølkestallen, og dei mjølkar 12 kyr om gongen.

Terje har tatt eit overslag over økonomien, og denne sesongen har dei ikkje gjort nokon større investeringar som påverkar innteninga. – Overslaget mitt viser at me sit att med tett oppunder 1 krone og 50 øre per liter mjølk me leverer, seier han. I dette reknestykket er både arealtilskotet og setertilskotet med. Eigarane som leverer ein betydeleg andel av sommarmjølka frå Sogn, må dela på eitt setertilskot, noko som kan vera litt urimeleg.

For 10 år sidan sat dei att med om lag 3 kroner per liter levert, og dette viser at mjølkeprisen ikkje har halde følgje med prisstiginga på utgiftene. Det som gir mest utslag på økonomien til fellesstølen er at gjødsel-, kraftfôrprisane og lønningane har auka betydeleg siste åra. – Det aller viktigaste for oss er likevel fritida me får med å vera med på fellesstølen, og det kan ikkje målast i pengar, konkluderer Per Fridolf, og dei andre er einige. I 2022 investerte dei i borehol for vatn, og totalkostnaden for dette kom på om lag 110 000 kroner. – Dei åra me har slike store investeringar, så går naturlegvis innteninga på mjølka ned, seier Claus.

Ryddige og gode avtalar

Drivarane av fellesstølen har ryddige og gode avtalar på korleis dei fordeler inntekter og utgifter. For å fordela mjølkeinntekter, veg dei ein gong i veka, og utgiftene vert fordelt etter talet på beitedøgn, men kraftfôrforbruket vert fordelt etter faktisk forbruk. Eitt beitedøgn er ei ku i eitt døgn på fellesstølen, og då vil den som har flest kyr, naturlegvis få ein større del av utgiftene enn ein som har færre dyr.

«aller viktigaste for oss er likevel fritida me får med å vera med på fellesstolen»

Sosialt

Med jamne mellomrom møtest bøndene og budeiene, og dei har også faste sosiale lag som årsmøte for bøndene og avslutning for sesongen for budeiene og bøndene med familie. Dette gjer sitt til at terskelen er låg for å komma med innspel til drifta, og at alle kjenner kvarandre godt. Bøndene har også gardar i nærleiken av kvarandre, slik at dei har jamn kontakt heile året. Sosiale media gjer det også lettare å ha god kontakt med budeiene frå Belarus gjennom året, og når våren nærmar seg, så ser alle veldig fram til ein ny sesong på den flotte fellesstølen på Bersetno.